MANGELFULL SSB-STATISTIKK

Det er etterhvert blitt veldig vanskelig å få noe fornuftig ut av Overnattingsstatistikken fra SSB. Nå oppgis ikke lenger relevante akkumulerte tall og for den som vil se på historiske tall, er det lagt opp komplisert og tungvint verktøy. De aktuelle tallene som presenteres henger nærmest i ”løse luften”, siden sammenligningsgrunnlaget ikke er tilstede for flere måneder akkumulert. Derfor er det ikke lenger særlig interessant å videreformidle SSBs månedstall.

Slik presenterer SSB selv overnattingstallene for mars:

Fleire hotellovernattingar

I mars 2012 var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 2 prosent samanlikna med året før.

Sett i samanheng med 2011 gjekk omsetninga for hotella opp 1 prosent, frå 1 023 millionar til 1 034 millionar kroner i mars 2012. Prisen per rom steig frå 903 til 904 kroner i same periode.

Oppgang i hotellovernattingar

Både norske og utanlandske hotellovernattingar gjekk opp høvesvis 1 og 5 prosent, samanlikna med 2011. Kurs- og konferanse- samt ferie- og fritidsovernattingar gjekk i same periode opp 8 og 2 prosent, medan yrkesovernattingar fall 0,5 prosent.

Fleire av dei største utanlandske marknadene gjekk opp i talet på hotellovernattingar, med unntak av Danmark og Tyskland som gjekk ned 3 og 2 prosent.

Totalt sett fleire overnattingar i mars

Det var til saman 2 millionar overnattingar ved alle norske overnattingsstader i mars 2012. Det er ein auke på 3 prosent samanlikna med året før. Talet på norske overnattingar steig med 3 prosent, frå 1,5 millionar til 1,54 millionar overnattingar. Utanlandske overnattingar gjekk i same periode opp 2 prosent.

 

About hkp